Greske songar frå undergrunn og folkemunn
av Ola E. Bø og Lakis Karnezis
DET NORSKE TEATRET
Alle som har vore i Hellas, og det er etter kvart ikkje få, har
høyrt den smittande greske
musikken, kanskje dansa på stranda som ein ekte Zorba eller kasta
seg ut i nattklubbdans og
tallerkenknusing i seine nattetimar. Men kor mange kjenner til kva dei
greske songane handlar
om, kor dei kjem ifrå, kva slags historie denne musikken fortel?
Vi er så heldige at vi midt iblant oss, med bustad på
Nesodden, har ein av dei mest sentrale
musikarane i den greske populærmusikken dei siste 40 åra,
bouzoukispelmannen Lakis
Karnezis. Han har pendla frå utsiktspunktet sitt høgt over
Oslofjorden til nattklubbar,
konsertlokale og studiojobbar over heile verda i meir enn tjue
år. No tar han denne
musikkhistoria med seg til scenen. I denne framsyninga lar vi Lakis
vere guide gjennom ulike
typar gresk populærmusikk, med korte historiske og personlege
mellomstikk, bilde frå gater,
mytar og musikkliv, ulike tekstar og historier. På den
måten fortel vi òg ei historie om ein
musikk som har vandra med grekarane rundt store delar av Europa, til
USA og til Australia.
Desse er med i framsyninga:
Ståle Bjørnhaug, Paul-Ottar Haga, Unn
Vibeke Hol, Erik Jacobsen, Paul Åge Johannessen, Evelyn Jons,
Gjertrud Jynge
Spesialtilbod: 265,- (ord. 325,- )
(fint om du melder ifrå kor du fekk tilbodet, dvs. på
www.hellasguide.net)
Speleplan: 26. 27.mars, 1. 2. 13. 14. 15. 16. 17. 20. og 21. april,
7. 8. 15. 18. og 19. mai (kvardagar kl 20.00, laurdagar kl 18.00)
(med atterhald om endringar)
Tinging av billettar: 22 42 43 44
eller marknad@detnorsketeatret.no
(hugs namn, adresse og telefonnummer)